Publikasjonar og analysar
Oversikt over publikasjonar og analysar Finanstilsynet utarbeider og offentleggjer.
Finansielt utsyn
Finansiell stabilitet og velfungerande marknader er viktig for tilliten til det finansielle systemet, effektiv bruk av samfunnet sine ressursar og vern av forbrukarar og andre aktørar. Det finansielle systemet bør kunne handtere forstyrringar og uventa negative hendingar og samtidig vareta funksjonane sine, slik at eit tilbakeslag i økonomien ikkje blir sjølvforsterkande. Det krev solide og likvide finansføretak med god intern styring og kontroll.
Risiko- og sårbarheitsanalyse for IKT-sikkerheit i finanssektoren
Finanstilsynets årlege risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) oppsummerer arbeidet med IKT-sikkerheit i finanssektoren i det førre året og korleis enkeltføretak og bransjen etterlever regelverket.
Resultatrapport for finansføretak
Som eit viktig ledd i arbeidet med å avdekke eventuelle stabilitetsutfordringar i den norske finansmarknaden, utarbeider Finanstilsynet kvart kvartal analysar og vurderingar av lønnsemdsutviklinga i finansføretaka.
Finansføretaka sin bruk av fleksibilitetskvotene i utlånsforskrifta
Finansføretak som yter lån med pant i bustad og forbrukslån, skal kvart kvartal rapportere til styret eller leiinga for utanlandske finansføretak om bruken av fleksibilitetskvota. Finanstilsynet innhentar kvart kvartal tal frå eit utval norske og utanlandske finansføretak om totalt innvilga utlånsvolum i kvartalet og innvilga utlånsvolum som avvik frå dei enkelte krava i forskrifta.
Soliditetsrapportar for finansføretak
Finanstilsynet ferdigstiller kvart kvartal ein samla soliditetsrapport for finans- og verdipapirføretak. Rapporten inneheld òg ein omtale av likviditetsrisikoen i bankane. Ein meir utfyllande rapport om soliditetssituasjonen i pensjonskassane og forsikringsføretaka blir publisert på årleg basis.
Tap og misleghald i bankar
Finanstilsynet utarbeider kvart kvartal ein rapport om tap, misleghald og betalingslettingar i norske bankar.
Bustadlånsundersøkingar
Finanstilsynet har sidan 1994 gjort årlege undersøkingar av bankane sin praksis for lån med pant i bustad. Undersøkingane har vore retta mot eit utval bankar, i hovudsak dei største bankane innanfor utlån med pant i bustad.
Utviklinga i forbruksgjeld
Rapporten tek for seg utviklinga i forbruksgjeld basert på data frå Gjeldsregisteret AS og Finanstilsynet si utvalsundersøking. I tillegg omtaler rapporten forbruksgjeld til inkasso basert på inkassoføretaka si rapportering til Finanstilsynet. Rapporten blir publisert kvart halvår.
Bransjerekneskap for yrkesskadeforsikringar
Samleside for bransjerekneskapsrapportar
Shortsal i den norske aksjemarknaden
Trendar og utviklingstrekk i shortsalsaktiviteten i den norske aksjemarknaden
Resultatrapport verdipapirføretak og fondsforvaltarar
Finanstilsynet utarbeider kvart halvår ein resultatrapport med utgangspunkt i tal frå halvårsoppgåvene frå verdipapirføretak, forvaltingsselskap for verdipapirfond og AIF-forvaltarar med konsesjon, og kvartalsoppgåver for verdipapirfond. Merk at føretaka rapporterer foreløpige tal til Finanstilsynet. Tala kan derfor bli korrigerte.
Rapport om alternative investeringsfond
Finanstilsynet utarbeider årleg ein rapport med utgangspunkt i tal frå Annex IV-rapporteringa for forvaltarar av alternative investeringsfond. Rapporten gir ei oversikt over utviklinga i talet på AIF-forvaltarar og -fond, og fonda sine investeringar, investorar og risiko.
Kontroll av finansiell rapportering og tematilsyn
Oversikt over Finanstilsynets årlige oppsummering av noterte foretaks finansielle rapportering og rapporter fra bredere tilsyn.
Svindel og svindelstatistikk
Betalingstjenestetilbydere, dvs. banker, kredittinstitusjoner og e-penge- og betalingsforetak rapporterer hvert halvår svindelstatistikk til Finanstilsynet. I rapportene oppsummeres hovedfunnene.
Statistikk og analyser
Finanstilsynet publiserer jevnlig statistikk og analyser fra våre fagområder.
Årsrapport
Årsrapporteringa til Finanstilsynet gjer greie for verksemda til tilsynet i det førre året. I februar publiserer Finanstilsynet rapportar om aktivitetane på dei ulike tilsynsområda, og i april publiserer tilsynet årsrapporten om verksemda, som inneheld sentrale tal og fakta, måloppnåing og årsrekneskap.
Andre rapportar
Finanstilsynet utgir mange andre rapportar som blir samla her.