Finanstilsynet inviterer til pressekonferanse onsdag 2. juni
Nyheter
Publisert: 27. mai 2021
Finanstilsynet legg fram rapporten Finansielt utsyn – juni 2021. På grunn av smitteverntiltak blir pressekonferansen berre overført via nett-tv.
Tid: Onsdag 2. juni kl. 10.30–11.30
Fysisk frammøte er ikkje mogleg.
Pressekonferansen blir overført via nett-tv på Finanstilsynet sin nettstad.
Tilsynet presenterer analysar av marknader og finansføretak og vurderingar av utsiktene for finansiell stabilitet.
I presentasjonen vil Finanstilsynet særleg ta opp konsekvensane av koronakrisa for finansnæringa og marknadene og kva risikofaktorar det finansielle systemet står overfor. Resultata frå årets stresstest av norske bankar og Finanstilsynet sine vurderingar av soliditeten og lønnsemda til bankane inngår i presentasjonen. Hushalda si eksponering mot aksjemarknadene blir og omtala.
Journalistar kan sende inn spørsmål undervegs i pressekonferansen via spørjeskjemaet i nett-tv-sendinga. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir svara på i sjølve sendinga.
Etter pressekonferansen kan ein-til-ein-intervju avtalast ved å sende ein e-post til: info@finanstilsynet.no.
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.