EBA foreslår krav til rammeverk for operasjonell risikostyring
Høringer
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt på høyring forslag til regulatoriske tekniske standardar (RTS) som presiserer kva krav institusjonane må oppfylle når det gjeld styring og handtering av operasjonell risiko etter kapitalkravsforordninga (CRR). Høyringsfristen er 31. desember 2026.
Forslaget fastset eit harmonisert og proporsjonalt rammeverk for operasjonell risikostyring og omfattar tre hovudkomponentar: styrings- og kontrollordningar, prosesser for handtering av operasjonell risiko og system for vurdering av operasjonell risiko. Det blir også lagt til grunn at krava til handtering av IKT-risiko etter DORA skal inngå som ein integrert del av rammeverket. Forslaget inneheld særskilde proporsjonalitetsreglar, blant anna for institusjonar med ein business indicator under 750 millionar euro.
Reglane blir etter alt å dømme innlemma i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett som del av regelverket som gjennomfører kapitalkravforordninga (CRR). Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betyding for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ei ny høyring når regelverket skal gjennomførast i norsk rett.
Høyringsfristen er 31. desember 2026.
Høyringsnotat og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EBA: