Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA: Utfyllande reglar til kvitvaskingsforordninga, sjette kvitvaskingsdirektiv og AMLA-forordninga

Høyring frå EBA: Utfyllande reglar til kvitvaskingsforordninga, sjette kvitvaskingsdirektiv og AMLA-forordninga

Høringer

Publisert: 7. mars 2025

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt på høyring forslag til utfyllande reglar til EUs nye regelverkspakke på kvitvaskingsområdet. Høyringsfristen er 6. juni 2025.

I mai 2024 vedtok EU ein ny regelverkspakke på kvitvaskingsområdet. Regelverkspakken består mellom anna av ei forordning om plikter for privat sektor (forordning (EU)2024/1624 - kvitvaskingsforordninga), eit direktiv om nasjonale styresmakters plikter (direktiv (EU)2024/1937 – sjette kvitvaskingsdirektiv) og ei forordning om å opprette ei ny europeisk myndigheit for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering ((EU)2024/1620 - AMLA-forordninga).

EBA har no sendt på høyring eit forslag til utfyllande reglar til føresegner i det nye regelverket om kundetiltak, reaksjonar som myndigheitene kan ilegge, risikovurderinga til myndigheitene av einingar som er underlagde regelverket ("forplikta einingar") og om AMLA si utvelging av tilsynsobjekt. Høyringsnotatet omfattar både forslag til plikter som skal påleggast forplikta einingar og offentlege myndigheiter. Formålet med høyringa er å innhente synspunkt og innspel frå partane som dette vedkjem.

Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett.

Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.

Det vil i utgangspunktet ikkje gjennomførast ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 6. juni 2025.

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EBA:

  • Consultation on proposed RTS in the context of the EBA’s response to the European Commission’s Call for advice on new AMLA mandates

Finanstilsynet vil invitere relevante bransjeorganisasjonar til eit møte om høyringa. Invitasjonar vil bli sende til medlemmene i referansegruppa for arbeidet med gjennomføring av den nye regelverkspakken i norsk rett:

  • Referansegruppe for arbeidet med EUs pakke med regelverk for antikvitvasking
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less